I 2013 kjøpte Eiken bygdekvinnelag inn ein hjertestartar og arrangerte kurs i bruk av den. Brukarar av skule, barnehage, skytterlag og idrettslag blei invitert til dette kurset. Hjertestartaren blei hengt opp i mellomganga på Eiken Skule. Ved låst dør måtte ein ringe eit vaktnummer for å få ut hjertestartaren. Dette var ei ordning som ikkje fungerte optimalt men greit nok.
I november 2017 kjøpte Eiken bygdekvinnelag eit skap til startaren med vifte for kulde/varme slik at den kan henge ute. Det vil nå bli lettare å få tak i hjertestarteren dersom det skulle være bruk for den.
Bygdekvinnelaget ønsker ikkje å ha ansvar for hjertestartaren lenger. Hjertestartaren med skap er overlevert til Eiken skule. Vi takker Bygdekvinnelaget for arbeidet dei har gjort med å skaffe hjertestarter og skap.
Hjertestarteren er nå hengt opp ute ved inngangen til Eiken fleirbrukshall.
